Gjennom nettverket løftar me og utviklar verktøy som er viktige i arbeidet med å sikre ei berekraftig utvikling av destinasjonane.
Nettverket arbeidet for at destinasjonane skal kunne ha fokus på utviklinga av eit berekraftig reiseliv, og ikkje å finne dei riktige verktøya til å gjera dette med. Me jobbar difor på tvers av landet for å samle, løfte og utvikle verktøy for å effektivisere og betre arbeidet på destinasjonane.
Kvart år samlar alle deltakarane seg til ei fysisk nettverkssamling på ein av destinasjonane representert i nettverket.
Kvart år organiserer nettverket ei digital samling for destinasjonsleiingar over heile landet.
Mentorordninga har som mål å støtte opp om kunnskapsdeling og erfaringsutveksling blant reisemåla som deltek i nettverket.
Eit felles kurs og kompetansebibliotek for alle destinasjonane i nettverket som kan bli kombinert med eigne lokale kurs relevante for destinasjonen.
Siste torsdagen i månaden inviterer me inn dei som sit på "Berekraftig Reisemål" ordninga på destinasjonane for diskusjon og inspirasjon.