Mentorordninga har som mål å støtte opp om kunnskapsdeling og erfaringsutveksling blant reisemåla som deltek i nettverket.
Mentorordninga er ei fast ordning i nettverket der deltakarane får tilgong på rettleiing og ein sparringspartnar gjennom ein periode på eitt år. Her kan ein velje frå ei liste av deltakarar i nettverket som stiller med sin spesialkompetanse og erfaringar innanfor ulike fagområde.
Reisemålet som bidreg med mentor får ei lita godtgjering for timar brukt.
Gjennom nettverket løftar me og utviklar verktøy som er viktige i arbeidet med å sikre ei berekraftig utvikling av destinasjonane.
Kvart år samlar alle deltakarane seg til ei fysisk nettverkssamling på ein av destinasjonane representert i nettverket.
Kvart år organiserer nettverket ei digital samling for destinasjonsleiingar over heile landet.
Eit felles kurs og kompetansebibliotek for alle destinasjonane i nettverket som kan bli kombinert med eigne lokale kurs relevante for destinasjonen.
Siste torsdagen i månaden inviterer me inn dei som sit på "Berekraftig Reisemål" ordninga på destinasjonane for diskusjon og inspirasjon.