Eit felles kurs og kompetansebibliotek for alle destinasjonane i nettverket som kan bli kombinert med eigne lokale kurs relevante for destinasjonen.
Å drifte og utvikle vertskapskurs på destinasjonen krevjer mykje tid og er kostbart. Gjennom å samle oss om eit felles "BerekraftsAkademi" samlar og utviklar destinasjonane eit felles kurs- og kompetansebibliotek som alle kan ta i bruk, og som kan justerast og kombinerast med den lokale kunnskapen og informasjonen som er aktuell.
Vertskapet på destinasjonen, anten det er i resepsjonen på eit hotell, på bensinstasjonen, frivillige på festival eller gardbrukaren som inviterer inn på tunet, er dei viktigaste ambassadørane for plassen ein besøker. Desse personane er også dei som kan påverke at gjesten tek val som gjer at ein bidreg til auka lokal verdiskaping, vern av sårbar natur og kultur og til gode miljøval. I ein travel arbeidskvardag for verten tilbyr ein eit digitalt kurs som gjer at kunnskapen blir gitt på deira premiss, i ein app på mobil når ein har ledig tid.
Gjennom nettverket løftar me og utviklar verktøy som er viktige i arbeidet med å sikre ei berekraftig utvikling av destinasjonane.
Kvart år samlar alle deltakarane seg til ei fysisk nettverkssamling på ein av destinasjonane representert i nettverket.
Kvart år organiserer nettverket ei digital samling for destinasjonsleiingar over heile landet.
Mentorordninga har som mål å støtte opp om kunnskapsdeling og erfaringsutveksling blant reisemåla som deltek i nettverket.
Siste torsdagen i månaden inviterer me inn dei som sit på "Berekraftig Reisemål" ordninga på destinasjonane for diskusjon og inspirasjon.