Kvart år samlar alle deltakarane seg til ei fysisk nettverkssamling på ein av destinasjonane representert i nettverket.
Den årlege nettverkssamlinga er arrangert for å løfte dei fremste satsingane for eit berekraftig reiseliv og for å kome saman for å løfte og løyse dei utfordringane ein har framføre seg.
Samlinga blir lagt saman med den årlege samlinga til Merkeordninga "Berekraftig Reisemål" v/Innovasjon Norge.
Gjennom nettverket løftar me og utviklar verktøy som er viktige i arbeidet med å sikre ei berekraftig utvikling av destinasjonane.
Kvart år organiserer nettverket ei digital samling for destinasjonsleiingar over heile landet.
Mentorordninga har som mål å støtte opp om kunnskapsdeling og erfaringsutveksling blant reisemåla som deltek i nettverket.
Eit felles kurs og kompetansebibliotek for alle destinasjonane i nettverket som kan bli kombinert med eigne lokale kurs relevante for destinasjonen.
Siste torsdagen i månaden inviterer me inn dei som sit på "Berekraftig Reisemål" ordninga på destinasjonane for diskusjon og inspirasjon.