Nettverk NDBR sendte eit felles innspel til SSB i februar 2024 påfølgjande endring i rapportering på gjestedøgn og sysselsettingstal på kommune-nivå.
Gjestedøgntal og sysselsettingstal på kommunenivå er eit av dei viktigaste informasjonsgrunnlaga reiselivet har i å sikre ei berekraftig utvikling av næringa i eit heilskapleg perspektiv, der reiselivet skal bidra til gode lokalsamfunn på tvers av Noreg sine kommunar med heilårige arbeidsplassar og ei god besøksforvaltning. Skal reiselivet kunne levere på dei ambisjonane som er sett for næringa er auka innsikt eit premiss. Å ta vekk noko av det viktigastestatestikkgrunnlaget vil difor vera eit stort skritt i feil retning.
Viktigheita av å rapportere gjestedøgn og sysselsetting på kommunalt nivå er synleggjort i den nasjonale retninga som er satt i NOUen for reisemålsutvikling og besøksforvaltning og det nyleg lanserte vegkartet for reiselivet, der kommunane si rolle inn i utviklinga av reiselivetblir løfta fram. For destinasjonane i nettverket, som arbeider målretta og aktivt for ei berekraftig utvikling av reiselivet for sin region, tek ein i bruk denne informasjonen til å rapportere på kriterium i Merkeordninga knytt til utvikling i gjestedøgn, sysselsetting og rekruttering i reiselivet. På denne måten overvaker ein utvikla på destinasjonen som ein heilskap, noko som er avgjerande for å sikre ei næring som skapar reisemål som er gode for gjester, lokalsamfunn, natur og miljø på ei og same tid. Dette vil ikkje vera mogleg utan offentleg tilgjengeleg statestikk.
Endringa i rapportering gjer i praksis at reisemål knytt til Merkeordninga som dekker enkeltkommunar frå og med 2024 ikkje lengre vil få innsikt i utviklinga av reiselivet på sin destinasjon.
For større destinasjonar som dekker 2-17 kommunar ser ein at publisering av statestikk etter «reiselivsregionar» ikkje er hensiktsmessig i forhold til korleis reisemåla er organisert. Vidare bygger også dei større destinasjonane utviklinga av regionen på avtalar med og innsikt inn i reiselivsnæringa i kvar enkelt kommune. Også her er difor tala på kommunalt nivå er avgjerande for sikre ei god og berekraftig utvikling av næringa og god besøksforvaltning. Samanlikningsgrunnlag på tvers av kommunar under destinasjonen, der nokre kommunar har større fokus på reiseliv enn andre, er også ein viktig del av dette arbeidet.
Me har forståing for at ein må gjera nokre vurderingar i forhold til konfidensialitet og utfordringar knytt til tala sin nøyaktighet, spesielt for små reisemål med få reiselivsbedrifter. Ein må likevel finne alternative løysingar på desse utfordringane, i staden for å fjerne statestikkgrunnlaget for kommunar over heile landet. Me håper at det er mogleg å få til ein dialog for å sjå på alternative løysingar.