Bilde av gruppe menneske
Foto: Privat
21.9.2024

NDBR møter næringsminister Cecilie Myrseth

Nettverket NDBR løfta fram sine innspel til regjeringa si satsing på norsk reiseliv i møte på næringsministeren sitt kontor den 29. august.

NDBR takka i møtet for at regjeringa har løfta fram reiselivet som nasjonal satsing, med dei store moglegheitene som denne næringa gir som eksportnæring og som drivkraft for å skape gode lokalsamfunn. NDBR takkar også for at regjeringa løftar fram at framtida sitt reiseliv blir skapt heime, på destinasjonane/reisemåla.

Alle destinasjonane/reisemåla som arbeider inn mot Merkeordninga «Berekraftig Reisemål» er forplikta til ei berekraftig utvikling og til eit privat-offentleg samarbeid gjennom etableringa av ei destinasjonsleiing/reisemålsleiing. Vår ambisjon er å bygge opp om den nasjonale visjonen om å bli «blant verdens fremste berekraftige reisemål», der følgjande blei løfta fram i møtet som viktig for den vidare utviklinga:

  • Merkeordninga som det viktigaste utviklingsverktøyet for det lokale reiselivet må bli styrkja
  • Rammevilkåra til dei som sit på ordninga lokalt, og som skal finne løysingar på vegane av fellesskapet, må bli styrkja
  • Alle reisemål i Noreg som har forplikta seg til ei berekraftig utvikling har samla seg i fagnettverket NDBR, og er difor eit viktig talerøyr for eit berekraftig reiseliv som må bli bygd nedanfrå og opp

Fleire aktueltsaker

Vertskommunen: Korleis bygge framtidas reisemål?
Den 12. november inviterer NDBR inn til ein digital konferanse der ein tek tempen på satsingane som skapar framtidas reisemål.
tittel på konferansen
Innspel til vegkart for reiselivsnæringa 2024
Nettverket NDBR sendte eit felles innspel til vegkartet for reiselivsnæringa lansert i februar 2024.
bilde av framsidebilde på rapport
Berekraftsprisen 2023
Tromsø, Nesbyen og Lysefjorden gjekk av med destinasjonane sin eigen berekraftspris for 2023!
tittel på prisen
Nettverkssamling 2024
Den 13.-14. mars samla nettverket NDBR seg til årets nettverkssamling - denne gongen i den europeiske kulturhovudstaden Bodø!
bilde av gruppearbeid i konferanserom
Pressemelding: Det lokale reiselivet har samla seg!
Førti reisemål frå Svalbard i nord til Lindesnes i sør har samla seg å løfte og løyse utfordringar knytt til utviklinga av eit berekraftig reiseliv.
Foto: Ellen Bye
Utspel SSB: endring i gjestedøgn- og sysselsettingstal
Nettverk NDBR sendte eit felles innspel til SSB i februar 2024 påfølgjande endring i rapportering på gjestedøgn og sysselsettingstal på kommune-nivå.
Foto: SSB
Innspel til NOU 23:10
Nettverket NDBR sendte inn eit felles høyringsinnspel til NOU23:10 "Leve og oppleve – reisemål for en berekraftig fremtid" i juni 2023.
Framsidebilde til NOU23:10
Innspel til FoI-strategien 2023
Nettverket NDBR sendte inn eit felles innspel til til «Reiseliv2030»: Den nye forsking- og innovasjonsstrategien i oktober 2023.
Foto: Regjeringen
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.