tittel på konferansen
Foto: NDBR
1.11.2024

Vertskommunen: Korleis bygge framtidas reisemål?

Den 12. november inviterer NDBR inn til ein digital konferanse der ein tek tempen på satsingane som skapar framtidas reisemål.

Korleis byggar me sterke reisemål og gode lokalsamfunn? Korleis kan norske kommunar ta i bruk dei moglegheitene reiselivet gir for lokal utvikling, jobbskaping og auka verdiskaping? Korleis avgrensar me dei negative effektane på lokalsamfunn, natur og miljø? Den 12. november inviterer me inn kommunar, destinasjonsselskap, næringsaktørar og lokalsamfunn for felles diskusjonar rundt korleis me skapar framtidas reiseliv på tvers av landet, der me inviterer inn dei som leiar dette arbeidet nasjonalt i dag!

Program:

DEL I: Korleis kan lokalsamfunn gripe moglegheitene som ligg i reiselivet?

  • Reiseliv som norsk eksportsatsing og drivkraft for gode lokalsamfunn - korleis samordne nasjonale og lokale mål? Elisabeth Svanholm Meyer, divisjonsdirektør, reiseliv og spesialoppdrag, Innovasjon Norge.
  • Reiselivet som kommunane sin beste venn - kva betyr dette i praksis? Kristin Krohn Devold, administrerande direktør, NHO Reiseliv.

DEL II: Destinasjonsleiing og besøksforvaltning - grunnlaget for vekst innanfor berekraftige rammer

  • Det lokale styringsverktøyet for å lukkast med ei berekraftig utvikling av reiselivet, der ein tek omsyn til menneske, natur og miljø. Ingunn Sørnes, spesialrådgjevar for berekraftig reiseliv, Innovasjon Norge.
  • Korleis sikre god styring av reiselivsutviklinga i lokalsamfunnet? Erfaringar frå etablering og drifting av destinasjonsleiing/reisemålsleiing i Valdres
  • Besøksforvaltning: Grunnfundamentet for ei berekraftig reiselivutvikling? Erfaringar frå Arendal, Svalbard og Rauma
  • Det offentlege si rolle i besøksforvaltninga - kvar kan ein starte? Britt Dalland, seniorrådgjevar, Vestland fylkeskommune.

DEL III: Fordjupningsspor: Satsingane som leiar utviklinga av eit berekraftig reiseliv

  • Fritidsbustadar: "Trysilmodellen" med delingsøkonomi som langsiktig forvaltning, involvering av deltidsinnbyggaren på Hvaler, rekreasjonsklynga i Gudbrandsdal og tilnærming til hytterenovasjon i Lindesnes.
  • Tilgjengeleg reiseliv: Innlegg frå AccessTour for meir tilgjengeleg reiseliv i distrikta, Adapt2Explore med sine små grep til stor gevinst i reiselivsbedriftene og Skien Fritidspark som Noreg sin best tilgjengelege aktivitetspark
  • Transport og mobilitet: Innlegg frå Norefjell rundt finanseringsmodellar for mobilitetsløysingar og SITE 4.0 rundt transportløysing for distribusjon av lokalmat.
  • Cruise: Innlegg frå cruisehamner og cruisegjesten om framtidas cruisedestinasjonar, cruisenettverket Svalbard og Hammerfest med si satsing på alternative forretningsmodellar

DEL IV: Vegen vidare

  • Ansvarleg marknadsføring: Presmiss i marknadsarbeidet som bygger opp om gode opplevingar, god besøksstyring og trygg ferdsel.
  • Korleis utnytte reiselivet som som samfunnsutviklar? 10 tips til vertskommunane

NB! Det kan førekomma endringar i programmet

Praktisk informasjon:

  • Tid: 12. november kl 08:30-11:00
  • Stad: Digitalt
  • For kven? Alle involverte og med interesse for utviklinga av reiselivsnæringa i sitt lokalsamfunn.

Påmelding:

Påmeldingfrist fredag 8. november.

Pris: Gratis

Du melder deg på ved å registrere deg her.

Arrangør: NDBR, i samarbeid med Innovasjon Norge

Fleire aktueltsaker

Nettverkssamlinga 2025
Over 70 personar møttest i Kristiansand 18-20. mars for den årlege samlinga til Merkeordninga "Berekraftig Reisemål" v/Innovasjon Norge og NDBR.
Gruppebilde
ReiselivsForum for campingnæringa: Frå synlegheit til sal!
Den 1. april inviterer reisemåla i NDBR inn til felles webinar for campingnæringa med informasjon, inspirasjon og praktiske tips og triks.
illustrasjon av seminartittel
ReiselivsForum for campingnæringa: Bli synleg på nett!
Den 25. mars inviterer reisemåla i NDBR inn til felles webinar for campingnæringa med informasjon, inspirasjon og praktiske tips og triks.
illustrasjon av seminartittel
Totalt 18 reisemål lanserer felles kurs- og kompetanseportal!
Gjennom to år skal dei samarbeide om å etablere BerekraftsAkademiet: landet sin fremste kurs- og kompetansebank for berekraftig reisemålsutvikling!
animasjonsfigurar av ulike personas knytt til vertskapsrolla
Norske reisemål samlar seg i møte med ny teknologi og KI!
Den 19. februar samla reisemål frå heile Noreg seg. Målet var å sjå korleis reisemåla kan stå styrkja saman i møte med ny teknologi og KI.
konferanserom med deltakarar
Over 500 påmeldte til årets VertsKommunen 2024!
Den 12. november arrangerte NDBR den første og største nasjonale konferansen for destinasjonsleiing!
fire personar i studio for livesending
NDBR møter næringsminister Cecilie Myrseth
Nettverket NDBR løfta fram sine innspel til regjeringa si satsing på norsk reiseliv i møte på næringsministeren sitt kontor den 29. august.
Bilde av gruppe menneske
Innspel til vegkart for reiselivsnæringa 2024
Nettverket NDBR sendte eit felles innspel til vegkartet for reiselivsnæringa lansert i februar 2024.
bilde av framsidebilde på rapport
Berekraftsprisen 2023
Tromsø, Nesbyen og Lysefjorden gjekk av med destinasjonane sin eigen berekraftspris for 2023!
tittel på prisen
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.