bilde av framsidebilde på rapport
Foto: Regjeringen
20.9.2024

Innspel til vegkart for reiselivsnæringa 2024

Nettverket NDBR sendte eit felles innspel til vegkartet for reiselivsnæringa lansert i februar 2024.

Reiselivet i Noreg er ei av Noregs viktigaste framtidsnæringar, både som ei av landet sine viktigaste, grøne eksportnæringar og som ei næring som bidreg til å sikre verdiskaping, arbeidsplassar og stadutvikling over heile landet. I vegkartet lansert av Regjeringa i februar2024 står det: «Regjeringens ambisjon for reiselivsnæringen er at den skal være konkurransedyktig, ha lavt klima og miljøavtrykk, skape verdier og tilby attraktive reisemål over hele landet». Nettverket er samd i ambisjonane som er sett, men ser likevel at dei viktigaste strategiske verktøya reisemåla har i arbeidet mot å nå desse ambisjonane ikkje er tydeleg løfta fram.

Innspela til Nettverket er oppsummert som følgjer:

  • Merkeordninga «Berekraftig Reisemål» er det einaste og viktigaste verktøyet ein har tilgjengeleg for å arbeide strategisk og heilskapleg med ei konkurransedyktig og berekraftig utvikling av reisemåla.
  • Merkeordninga «Berekraftig Reisemål» set i dag  premissa og sjølve grunnlaget for utviklinga av reiselivsnæringa i og på tvers av reisemål over heile landet.
  • Nasjonale strategiar og planar må bli følgt opp med felles, nasjonale økonomiske verkemiddel som legg til rette for, i staden for å hemme, langsiktig og heilskapleg arbeid for berekraftig utvikling av reiselivsnæringa.

Fleire aktueltsaker

Nettverkssamlinga 2025
Over 70 personar møttest i Kristiansand 18-20. mars for den årlege samlinga til Merkeordninga "Berekraftig Reisemål" v/Innovasjon Norge og NDBR.
Gruppebilde
ReiselivsForum for campingnæringa: Frå synlegheit til sal!
Den 1. april inviterer reisemåla i NDBR inn til felles webinar for campingnæringa med informasjon, inspirasjon og praktiske tips og triks.
illustrasjon av seminartittel
ReiselivsForum for campingnæringa: Bli synleg på nett!
Den 25. mars inviterer reisemåla i NDBR inn til felles webinar for campingnæringa med informasjon, inspirasjon og praktiske tips og triks.
illustrasjon av seminartittel
Totalt 18 reisemål lanserer felles kurs- og kompetanseportal!
Gjennom to år skal dei samarbeide om å etablere BerekraftsAkademiet: landet sin fremste kurs- og kompetansebank for berekraftig reisemålsutvikling!
animasjonsfigurar av ulike personas knytt til vertskapsrolla
Norske reisemål samlar seg i møte med ny teknologi og KI!
Den 19. februar samla reisemål frå heile Noreg seg. Målet var å sjå korleis reisemåla kan stå styrkja saman i møte med ny teknologi og KI.
konferanserom med deltakarar
Over 500 påmeldte til årets VertsKommunen 2024!
Den 12. november arrangerte NDBR den første og største nasjonale konferansen for destinasjonsleiing!
fire personar i studio for livesending
Vertskommunen: Korleis bygge framtidas reisemål?
Den 12. november inviterer NDBR inn til ein digital konferanse der ein tek tempen på satsingane som skapar framtidas reisemål.
tittel på konferansen
NDBR møter næringsminister Cecilie Myrseth
Nettverket NDBR løfta fram sine innspel til regjeringa si satsing på norsk reiseliv i møte på næringsministeren sitt kontor den 29. august.
Bilde av gruppe menneske
Berekraftsprisen 2023
Tromsø, Nesbyen og Lysefjorden gjekk av med destinasjonane sin eigen berekraftspris for 2023!
tittel på prisen
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.