Foto: Ellen Bye
Bilde av gruppe menneske i trapp
21.9.2024

Pressemelding: Det lokale reiselivet har samla seg!

Førti reisemål frå Svalbard i nord til Lindesnes i sør har samla seg å løfte og løyse utfordringar knytt til utviklinga av eit berekraftig reiseliv.

Merkeordninga "Berekraftig Reisemål" som felles utviklingsplattform

Sidan 2013 har reisemål på tvers av landet arbeidd strategisk og heilskapleg med utviklinga av reiselivsnæringa ved å vera kopla opp mot den nasjonale merkeordninga, «Berekraftig Reisemål». Denne ordninga set tydeleg retning for utviklinga av reiselivet, frå det historiske marknadsfokuset - til eit heilskapleg fokus på utvikle reiselivet i eit samfunnsperspektiv der ein tek omsyn til menneske, natur og miljø.

Over førti reisemål, frå Svalbard i nord til Lindesnes i sør, har samla seg i eit felles nettverk for å arbeide meir samordna og strategisk med utviklinga av eit meir berekraftig reiseliv.

- Gjennom arbeidet inn mot Merkeordninga ser me at reisemål over heile landet har gått i gong med nybrotsarbeid for å skape betre og meir heilskaplege løysingar. Merkeordninga gir oss ein felles utviklingsplattform då den samlar oss rundt same terminologi, strategiske målsetnadar og målebarometer, der den mellom anna forpliktar oss til å ha ei formalisert og breitt forankra destinasjonsleiing, langsiktig strategi og me må vise til betring innanfor ei rekke indikatorar kvart tredje år. Likevel ser me at me har mykje å gå på i forhold til tettare erfaringsutveksling og samarbeid rundt utviklinga slik at me løfter det grøne skiftet i reiselivet i fellesskap og finn gode løysingar så effektivt som mogleg, fortel leiar for nettverket, Anita Svendheim.

Eit nasjonalt samarbeid på tvers av 41 reisemål og 137 kommunar

Merkeordninga er difor utgangspunktet til at ein for første gong har samla seg i eit nasjonalt bedriftsnettverk, støtta av Innovasjon Norge, der ein skal løfte og løyse felles berekraftsutfordringar. Nettverket har fått namnet «Nettverk for Destinasjonsleiing og Berekraftig Reisemålsutvikling» (NDBR) og dekker totalt 137 norske kommunar og ei medlemsmasse beståande av omlag 5000 reiselivsbedrifter.

- Styrken i samarbeidet er mangfaldet og breidda me representerer. Her er samlar me alle deler av landet, ulik form for organisering av reisemålsutviklinga og stor variasjon i samansetning av reiselivsnæringa på reisemålet, fortel Svendheim.

I nettverket er ein allereie i gong med aktivitetar og arbeidsgrupper der ein løftar fram og arbeider for å løyse problemstillingar som reisemåla står i møte med.

- Skal ein lukkast med utviklinga av eit berekraftig reiseliv må ein ha med oss alle saman, og dette styrkja samarbeidet har vist oss at me i stor grad står i møte med dei same moglegheitene og utfordringane anten ein representerer by eller bygd, kystdestinasjon eller fjelldestinasjon, nordlege eller sørlege delar av landet, fortel Svendheim.

Ei av Noreg sine viktigaste framtidsnæringar

Reiselivet i Noreg er ei av Noregs viktigaste framtids næringar, både som ei av landet sine viktigaste, grøne eksportnæringar og som ei næring som bidreg til å sikre verdiskaping, arbeidsplassar og stadutvikling over heile landet. I september i fjor annonserte også næringsminister, Jan Kristian Vestre, at reiselivet er den femte næringa som skal inn i regjeringa sin eksportsatsing Hele Norge eksporterer.

- Me er glade over at viktigheita av reiselivet i auka grad blir trekt fram og satsa på nasjonalt. Samstundes veit me at reiselivet, som tek utgangspunkt i kvar stad sitt særpreg og avgrensingar, må bli utvikla nedanfrå og opp for å skape ei næring som finn gode løysingar for menneske, natur og miljø. Å styrkje dette leddet av arbeidet meiner me difor er avgjerande for å lukkast med reiselivet som ei av Noreg sine viktigaste grøne eksportnæringar for framtida, avsluttar Svendheim.

Fleire aktueltsaker

Vertskommunen: Korleis bygge framtidas reisemål?
Den 12. november inviterer NDBR inn til ein digital konferanse der ein tek tempen på satsingane som skapar framtidas reisemål.
tittel på konferansen
NDBR møter næringsminister Cecilie Myrseth
Nettverket NDBR løfta fram sine innspel til regjeringa si satsing på norsk reiseliv i møte på næringsministeren sitt kontor den 29. august.
Bilde av gruppe menneske
Innspel til vegkart for reiselivsnæringa 2024
Nettverket NDBR sendte eit felles innspel til vegkartet for reiselivsnæringa lansert i februar 2024.
bilde av framsidebilde på rapport
Berekraftsprisen 2023
Tromsø, Nesbyen og Lysefjorden gjekk av med destinasjonane sin eigen berekraftspris for 2023!
tittel på prisen
Nettverkssamling 2024
Den 13.-14. mars samla nettverket NDBR seg til årets nettverkssamling - denne gongen i den europeiske kulturhovudstaden Bodø!
bilde av gruppearbeid i konferanserom
Utspel SSB: endring i gjestedøgn- og sysselsettingstal
Nettverk NDBR sendte eit felles innspel til SSB i februar 2024 påfølgjande endring i rapportering på gjestedøgn og sysselsettingstal på kommune-nivå.
Foto: SSB
Innspel til NOU 23:10
Nettverket NDBR sendte inn eit felles høyringsinnspel til NOU23:10 "Leve og oppleve – reisemål for en berekraftig fremtid" i juni 2023.
Framsidebilde til NOU23:10
Innspel til FoI-strategien 2023
Nettverket NDBR sendte inn eit felles innspel til til «Reiseliv2030»: Den nye forsking- og innovasjonsstrategien i oktober 2023.
Foto: Regjeringen
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.