Nettverket NDBR sendte inn eit felles høyringsinnspel til NOU23:10 "Leve og oppleve – reisemål for en berekraftig fremtid" i juni 2023.
Nettverket meiner at reisemålsutvalet har levert ein omgangsrik og grundig utredning av reiselivet sin status i dag, der ein løftar fram problemstillingar knytt til god reisemålsleiing, fellesgodefinansering og den overordna reiselivsutviklinga som deltakarane i Nettverket opplever i det strategiske og operasjonelle arbeidet med berekraftig utvikling av eigne reisemål. Nettverket støtter opp om utvalget si anbefaling om å styrkje og konkretisere kommunen si rolle i reiselivsarbeidet og at ein løftar fram viktigheita av å få etablert ei ordning for fellesgodefinansering. Her meiner ein at utvalet si innstilling til ein modell som vektlegg lokal forankring og kjennskap til reisemålet er avgjerande.
I den nye modellen for reisemålsleiing ønskjer Nettverket å løfte fram viktigheita av å sikre eit felles kunnskapsgrunnlag og rammeverk som aktørane i reisemålsleiinga kan samlast om. Per i dag ser Nettverket Merkeordninga som det beste alternativet til eit heilskapleg rammeverk for berekraftig utvikling for reisemåla, og ein meiner at ein i den vidare utviklinga av modellen må ta utgangspunkt i kunnskap, erfaringar og problemstillingar som har kome ut frå dette arbeidet sidan oppstarten i 2013.
Nettverket sine innspel er oppsumert som følgjer:
- Nettverket støtter forslaget til at kommunane har det overordna ansvaret med å etablere reisemålsleiinga, og at reiselivsstrategiar og -planar må bli forankra i kommunalt planverk. (1)
- Nettverket meiner at ein må sikre ein heilskapleg modell for reisemålsleiinga som bygger på kunnskap og rammeverk for berekraftig utvikling der rolla til destinasjonsselskapa er tydeleggjort. (2)
- Nettverket anbefaler at utvalet bygger på erfaringar frå brei reisemålsleiing under Merkeordninga i arbeidet med å utvikle ein ny modell. (3)
- Nettverket meiner ein i større grad må bygge på eksisterande kunnskap, innsikt og data i utviklinga, og at dette arbeidet må styrkjast ytterlegare. (4)
- Nettverket meiner at rolla til fritidsbustadar og deltidsinnbyggarar må bli tydeleggjort i definisjonen av «besøkjande», og vidare inn i mandatet til reisemålsleiinga på reisemål der denne gruppa er ein avgjerande del av reiselivsnæringa. (5)
- Nettverket stiller seg bak utvalet sin anbefaling om å samordne verkemiddel, utvikle ein nasjonal rettleiar for utvikling av besøksstrategiar og å sikre at besøksstrategiar er forankra i kommunale planar. (6)
- Nettverket stiller seg bak utvalet sin utgreiing rundt viktigheita av ei besøksavgift for å sikre finansiering av fellesgoder på reisemåla, men ønskjer ei snarleg utgreiing rundt innhenting og fordeling, samt iverksetjing. (7)
- Nettverket meiner at definisjonen av «fellesgode» må bli sett i eit breitt perspektiv, og også inkludere arbeid med berekraftig reisemålsutvikling som ikkje er direkte knytt til natur – og kulturområde. (8)
- Nettverket meiner at ein bør setje krav til rammeverk for berekraftig reisemålsutvikling i tildelinga av midler. (9)
- Nettverket støtter opp om anbefalinga til utvalet om at fylkeskommunar skal ta omsyn til reiselivet i anbudsgrunnlaget for kollektivtransport, men meiner at mandatet må bli ytterlegare konkretisert for å sikre at tilboda reflekterer realiteten på reisemåla og bygger opp om ei heilårig reiselivsnæring som inkluderer både turistar og deltidsinnbyggarar. (10)
- Nettverket meiner at ein må etablere ein nasjonal instans for samordning og utvikling av transporttilbod for all trafikk (fastbuande, turisten og deltidsinnbyggaren) på reisemåla. (11)
- Nettverket støtter anbefalinga om ein nasjonal app og harmonisert takstsystem. (12)
- Nettverket meiner ein må vidareutvikle og gjennomføre nasjonal skiltpolitikk for reiselivet som bygger opp om god og trygg besøksstyring. (13)
- Nettverket meiner ein må utvikle felles verktøy for innsikt og analyse for transportmønster og utslepp på reisemåla, basert på eksisterande erfaringar.(14)
- Nettverket støtter utvalet si anbefaling om å utvikle ein nasjonal rettleiar for å sikre ei berekraftig utvikling av cruisenæringa på eit reisemål, og at strategiar knytt til dette bør bli utvikla gjennom ein heilskapleg og inkluderande prosess(15).
Ta kontakt for meir informasjon!